KPI-analyse: Rapportering for framtida

17 FN-organisasjonar, rundt 300 organisasjonar representantar frå privat næringsliv og offentleg sektor står bak utviklinga av eit sett nøkkeltal - KPI-ar, som gjer at byar kan måle kor smarte og berekraftige dei er. FNs program for smarte og berekraftige byar og regionar (United for Smart Sustainable Cities – U4SSC) er eit nettverk av dei som har gjennomført målinga. Gjennom nettverket kan dei som er med, lære av dei som er betre og lære bort det dei gjer bra sjølve.

Kva er KPI og kva har det med FNs berekraftsmål å gjere?

KPI står for det engelske key performance indikator, noko vi kan oversette til viktige nøkkeltal.

Det er 92 samfunnsområde som er med i KPI-analysen. Data frå desse 92 områda blir plotta inn i datasystem slik at det skal bli mogleg å sjå eit heile – og bruke det til å finne smarte og berekraftige løysingar. Utgangspunktet for nøkkeltala er dei 17 berekraftsmåla til FN. Områda som blir kartlagte, dekker heile spekteret i eit samfunn frå det som gjeld vatn, energi, transport og bygg til tryggleik, helse, innovasjon og utdanning. Digitalisering kryssar alle områda.

Ved hjelp av måleverktøyet, samla eit team av internasjonale og lokale ekspertar data og KPI-ar for å utvikle ein smartby-profil og sjå korleis regionen ligg når når det gjeld bruk av smart teknologi og berekraft

Ålesundregionen var først

No er det rundt 1000 byar frå heile verda som er med i U4SSC-nettverket. Dei siste tre åra har 100 byar over heile verda blitt evaluerte av måleverktøyet til U4SSC. Ålesund kommune - som består av fem tidlegare kommunar, Sula og Giske, var den første byregionen som blei inkludert i FN-nettverket.

Målet er å kunne finne smarte og berekraftige løysingar saman. Når fleire er blitt målt ved hjelp av dei samme nøkkeltala, er det lettare å samarbeide.  Målet er å sikre smart og berekraftig verdiskaping innan dei tre berekraftsområda som FNs berekraftmål dekker: klima og miljø, livskvalitet for innbyggarane og økonomi.

Funna som blir gjort gjennom analysen, blir kanaliserte tilbake til U4SSC og blir der brukte til å oppdatere  KPI-ane som gjeld for heile verda og sette rammene for ei smart og berekraftig samfunnsendring.

U4SSCs sjefsanalytikar om KPI-analysen:

Her er ei grafisk framstilling av resultatet til Ålesundregionen

(Klikk på bilda for å få større versjon)

Dette viser analysen av Ålesundregionen

KPI-analysen indikerer lysegrønt nivå på alle dei tre berekraftsdimensjonane; miljødimensjonen, den sosiale og den økonomiske dimensjonen. På helsetenester og busetting viser analysen mørkegrønt, medan analysen også indikerer at regionen har lite luftforureining, mange som går og lange nettverk av både sykkelvegar og kollektivnett. Det er lite bilkø og analysen indikerer også grønt når det gjeld overvaking og styring av til dømes transport og energi.

Om vi dykkar ned i dei tre berekraftsdimensjonane, ser vi at heile transportsektoren er gul. Analysen viser at regionen skårar dårleg på at mange køyrer privatbil og få tar bussen, sjølv om over 90 % av innbyggarane bur mindre enn 500 meter frå eit busstopp. Her viser analysen at regionen ligg på raudt. Regionen skårer også raudt på høgt energi- og vassforbruk. Vasstapet er svært stort. Gamle vassrøyr og lite overvaking gjer at det for kvar liter vatn som kjem ut av vassbehandlingsanlegget har lekt ut 3 desiliter før vatnet når forbrukaren. Regionen har også låg kildesorteringsgrad, høg forbrenningsgrad og lite verna areal og rekreasjonsareal.  

Analysen viser at regionen har mange konkrete utfordringar å ta tak i, ikkje minst når det gjeld vassforsyning og avløp - ei utfordring som står høgt på agendaen hos kommunen. Analysen viser at regionen har store utfordringar når det gjeld transport fordi vi stort sett kjører privatbil. Sjølv om det er lange nettverk av sykkelvegar, er det svært få som syklar. Her er det også et potensiale det er mogleg å utvikle i og med at mange går og at nettverket for sykling er godt. Eit pre er også at regionen har ein god IKT-infrastruktur som legg eit godt grunnlag og moglegheiter for ei smart og berekraftig utvikling av Ålesund.

Ålesund kommune er i ferd med å legge ein strategi for korleis kommunen skal arbeide systematisk med undersøkinga innan det enkelte område. Kommunen ser også fram til å lære av andre kommunar som har gjennomført KPI-undersøkinga og til å samarbeide om gode løysingar.

Heile KPI-analysen

Les meir: Lenke til FNs analyse av Ålesundregionen.